HYTTER 

Hytteveggen.jpg

VASSDALSBU

Fjellet mellom Syvde og Åheim

Vanylven Røde Kors har ei open hytte, Vassdalsbu, inn på fjellet mellom Syvde og Åheim. Hytta kan brukes heilt gratis av alle både til dagsturar og overnatting.  Den er utstyrt med fyringsovn og ved,  førstehjelpsutsyr og litt mat, og der er plass til overnatting for minst 5 personar. Om vinteren køyrer idrettslaget opp løyper til hytta. Hytta er også eit mykje brukt turmål i sommarhalvåret og er eit av turmåla som gir poeng hos idrettslaget i Syvde. Den ligg slik til at det er ein fin overkommeleg tur for både barn og godt vaksne.

Kontaktperson

Oddbjørg Vik Nordal
ovnordal@gmail.com

Facebook

https://www.facebook.com/Vanylven-R%C3%B8de-Kors-460706434083005/ 

Morotur

https://mrfylke.no/Morotur/Turar/OEverberg-Rota-Rute-55-c

 
anonymt-bilde.png

BLÆJVASSBU

Ved Blæjevatnet ligg Blæjevassbu, ei hytte med 5 sengeplasser som er open for alle. Den vart bygd i 1970, er påbygd seinare og er no eigd av Myklebust sameige.

Mange som besøker Blæjevatnet ynskjer å prøve fiskelukka. Du kan overnatte i hytta og låne båt etter avtale med Myklebust sameige. Det er fin størrelse på fisken. Blæjevassbu er utgangspunkt for fleire fine turar av ulik vanskegrad.

Morotur

https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Blaejevatnet-rute-53 

Link

http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=105&Itemid=120